Samlar teater-Noreg til festival i juni

Samlar teater-Noreg til festival i juni

Etter eit år prega av avlysingar, utsette premierar og publikumsrestriksjonar planlegg no teater-Noreg å samle seg i Oslo til Heddadagene 4. - 13. juni 2021.

– Etter at festivalen vart avlyst i 2020, og slik som tida enno er, blir det det i år ekstra viktig å kunne ha eit felles møtepunkt og ei feiring av mangfaldet og oppdrifta i teatra, seier Solrun Toft Iversen, leiar av Heddakomiteen og teatersjef ved Det Vestnorske Teateret.

Heile 35 teater og scenekunstinstitusjonar, frå Kristiansand i sør til Kautokeino i nord og frå Hamar i aust til Haugesund i vest, står bak festivalen. Det er dei kunstnariske leiarane ved teatra som vel ut framsyningar frå eige repertoar til det som blir eit festivalprogram med eit breitt utval av framsyningar, arrangement og fagprogram.

– Stadig skiftande smitteverntiltak gjer det svært vanskeleg for teatra å planlegge, men så framt Oslo ikkje er heilt stengt i juni har vi tru på at det er mogleg å lage ein god festival innanfor trygge rammer, seier Toft Iversen.

Ikkje Heddaprisen i 2021
Heddadagene leiar vanlegvis opp til utdelinga av den høgt akta utmerkinga Heddaprisen. Prisen har som føremål å heidre framifrå prestasjonar i norsk scenekunst, og har sidan 1998 blitt delt ut årleg. Men det blir det dessverre ei endring på i år.

– Det har ikkje stått på kunstnarleg vilje eller evne på norske scener siste året. Tvert om har mange oppretthaldt både repertoar og arbeid med uforminska styrke. Men vi i Heddakomiteen ser oss likevel nøydd til å ta innover oss at publikumsmøta har vore sterkt avgrensa i året som har gått. Reiserestriksjonar, avlysingar og avkorta speleperiodar har òg gitt store utfordringar for arbeidet til Heddajuryen. Og det er summen av dette som gjer at vi i Heddakomiteen ser at det er best å slå saman inneverande sesong med den neste når det kjem til utdeling av Heddaprisen. På det viset meiner vi å kunne famne heilskapen på ein meir forsvarleg måte, og halde fram med å vere teaterprisen til heile Noreg, seier Solrun Toft Iversen.

Arbeidet Heddajuryen har fått utført denne sesongen skal ivaretakast og legge grunnlaget for arbeidet vidare til den samla prisutdeling neste år. Heddakomiteen har òg teke ei avgjerd på å utvide nomineringa. På denne måten vonar Heddakomitéen at begge sesongane kan bli løfta rettvis fram. Og at dei framsyningane som no blir laga på delvis lukka teaterhus, kan bli heidra på ein representativ måte.

Festival med glede og stor optimisme
Teater- og scenekunstinstitusjonane i Noreg er av dei som har vore råka hard av smittevernsrestriksjonane sidan mars 2020, og mange har i lengre periodar ikkje kunne spelt for publikum.

– Vi i Heddakomiteen har stor tru på at Heddadagene kan få løfta fram det gode teaterarbeidet som vart arbeida fram under vanskelege høve under pandemien og gje teatra eit naudsynt løft etter eit utfordrande år. Så det er med glede og optimisme vi ser fram til å møtast til i juni, seier Toft Iversen.

Kontaktpersonar osb.
Heddadagene er eit initiativ frå Heddakomiteen og Norsk teaterlederforum (NTLF). 35 av medlemsteatra til NTO står som arrangør av festivalen og er økonomiske bidragsytar til Heddadagene 2021. Heddakomiteen har det overordna faglege ansvaret, medan Norsk teater- og orkesterforening (NTO) er formell eigar og har prosjektansvar for Heddadagene.