Heddaprisutdelinga 2020 vert utsett - Dei nominerte vert offentleggjort 3. juni

Heddaprisutdelinga 2020 vert utsett - Dei nominerte vert offentleggjort 3. juni

Utdelinga av Heddaprisane 2020 vert utsett til hausten på grunn av koronasituasjonen. Heddanominasjonane vert offentleggjort som planlagt onsdag 3. juni.

Heddaprisutdelinga 2020 skulle eigentleg finne stad 14. juni under ei festframsyning på Det Norske Teatret i Oslo. På grunn av koronapandemien må utdelinga av dei prestisjetunge prisane diverre utsetjast inntil videre.

- Slik situasjonen er no er det diverre ikkje mogeleg å avvikle Heddaprisutdelinga i år som planlagt. Om det nokon sinne var tiltrengt å vere i lag og feire teatersesongens prestasjonar og minneverdige augneblinkar, så var det kanskje no. Men det må vente. Teateråret 2019/2020 skal markerast med fynd sjølv om det vart avbrote før tid i år. Vi tek sikte på å kunne invitere alle til prisutdeling til hausten og ser verkeleg fram til det, seier Solrun Toft Iversen, leiar i Heddakomiteen som har det overordna, faglege ansvaret for prisen.

Heddajuryen er på si side i full gang med å vurdere dei mange produksjonane i sesongen, og onsdag 3. juni kl. 11.00 er det duka for offentleggjering av dei nominerte. Det vil finne stad i form av ei digital presselansering kor leiaren for komiteen, saman med talsmann for juryen Jan Landro, vil avsløre kva for kandidatar som har sloppe gjennom nålauga til juryen.

Arrangementet kan følgjast live her.

Invitasjon til arrangementet kjem nærmare.

NTO og Heddakomiteen kjem tilbake med meir informasjon om når og kordan prisane skal delast ut når vi veit meir om situasjonen framover.

For spørsmål og meir informasjon, kontakt:

Heddakomiteen: Solrun Toft Iversen, teatersjef Det Vestnorske Teateret
E-post: solrun@detvestnorsketeateret, tlf. 952 95 876

Norsk teater- og orkesterforening (NTO): Marianne Dyrnes Vallat, spesialrådgivar
E-post: marianne@nto.no,  tlf. 980 46 777