Ikkje Heddaprisen i 2021

Ikkje Heddaprisen i 2021

Heddadagene leiar vanlegvis opp til utdelinga av den høgt akta utmerkinga Heddaprisen. Prisen har som føremål å heidre framifrå prestasjonar i norsk scenekunst, og har sidan 1998 blitt delt ut årleg. Men det blir det dessverre ei endring på i år.

– Det har ikkje stått på kunstnarleg vilje eller evne på norske scener siste året. Tvert om har mange oppretthaldt både repertoar og arbeid med uforminska styrke. Men vi i Heddakomiteen ser oss likevel nøydd til å ta innover oss at publikumsmøta har vore sterkt avgrensa i året som har gått. Reiserestriksjonar, avlysingar og avkorta speleperiodar har òg gitt store utfordringar for arbeidet til Heddajuryen. Og det er summen av dette som gjer at vi i Heddakomiteen ser at det er best å slå saman inneverande sesong med den neste når det kjem til utdeling av Heddaprisen. På det viset meiner vi å kunne famne heilskapen på ein meir forsvarleg måte, og halde fram med å vere teaterprisen til heile Noreg, seier Solrun Toft Iversen, leiar av Heddakomiteen.

Utvidar nomineringa til neste år
Arbeidet Heddajuryen har fått utført denne sesongen skal ivaretakast og legge grunnlaget for arbeidet vidare til den samla prisutdeling neste år. Heddakomiteen har òg teke ei avgjerd på å utvide nomineringa. På denne måten vonar Heddakomiteen at begge sesongane kan bli løfta rettvis fram. Og at dei framsyningane som no blir laga på delvis lukka teaterhus, kan bli heidra på ein representativ måte.

Men sjølv om det ikkje blir Heddaprisen i år, er plana å gjennomføre Heddadagene!